TYSNES RUNDT 2010

Saturday, February 27 2010 @ 10:55 AM CET

Gitt av: magne

Tysnes Rundt blir arrangert 16. 17. og 18 juli i år. Vi har flyttet arrangementet en uke, da det ellers vil falle på samme helg som Tysnesfest.

Velkommen til Tysnes rundt 2010

TURINFORMASJON:Frammøte på Årbakka fra kl 1630 fredag, 16. juli. Det er ønskeleg at de kjem så tidleg som mogeleg p.g.a. sjøsetjing og parkering. Påmelding på kaien før start. Startkontingenten blir i år kr 100 for kvar deltakar. Me startar roturen frå Årbakka kl 1830.
Frå start, ror me mest mogeleg samla INNAFOR holmane mot Vattedal.
Turen til Flakkavåg tar om lag 3.5 timar. Deltakarane føljer BAK leiarbåtane (markerte med Forbundet Kysten sin logo). Som vanleg tek me pause i Sæløysundet for å kvila og venta på eventuelle etternølarar. Frå Sæløysund til butikken på i Flakkavåg, ror me i fritt tempo. Butikken er open for handel og sal av ertersuppe. Teltinga skjer like bak, og ovanfor butikken. Det er også høve til å overnatta på golvet i forsamlingshuset ”Vodlatun”. Det er ca 500 m å gå mot nord.
LAURDAG morgon er det purring kl 0600.
Kl 0700, samlast me i båt midt utpå vågen for å synja ”Millom bakkar og berg” før me startar. Første stopp er som vanleg Neshavn etter ca 2,5 timar. Her blir det seld brus, kaffi, vaflar og mjølkelappar. Etter en times tid, ror me vidare til Marøya i Bårdsund. Det blir seld suppe og brus på Marøya.
Pausen varer ca 1 time.
Etter ei ny ro-økt på 2 timar, stoppar me i Teiglandsvågen. Her gjer me oss tid til å ro i kortesje inn til Våge. D.v.s. dei største båtane først og dei minste sist. Me kjem til Våge mellom kl 1600 og 1630. Avreise frå Våge etter eige ynskje. På Godøysund er det ny pause for dei som vil. Turen frå Våge til Solstråleøya tar ca 1 time, så la ikkje årane kvile for lenge. Frå Godøysund til Solstråleøya tar turen ca 10 min. Her slår me leir og gjer oss klare til kveldens sosiale samvær. Programmet tar til kl 2100 på Kaien Det blir utdeling av plakettar til dei som i år har 10 gonger rundt Tysnes, samt allsang og underhaldning frå alle som har noko å bidra med. I år har vi større kapasitet for overnatting i Naustet.
NB! Pass på at ingen slår opp telt på kaiområdet og på konsertplassen. Dei som treng nattero, må slå seg ned mot Godøysund. Dei som vil væra oppe litt lengre, må halda seg i bålområdet (på austsida av øya) for ikkje å uroa dei som vil sova.
SØNDAG morgon er det purring kl 0800 med avreise kl 0900. Me ror tilbake til Godøysund, for å få med oss idyllen i Småsunda.
Etter å ha passert Lukksund, tek me 1 times pause i Stussvik.
Me planlegg å væra attende til Årbakka ca kl 1500. Me ror i kortesje inn til Årbakka, slik som til Våge.
På Årbakka er det utdeling av diplom og suvenirårar til alle påmelde.
Ved mykje motvind i Langenuen, vil me vurdera sleping. Då er det viktig at kvar båt festar fangelina si til slepetauet og set seg i bakskuten med ei åre og freistar å styre båten.
Dette treng du på turen: I tillegg til mat og vanleg friluftsutstyr, er flytevest påbudt. Det er godt med noko mjukt å sitja på, sportstape, ullhanskar, gnagsårplaster, sinksalve og rikeleg med drikkevatn!!!

Viktige telefonar:
Magne Fauskanger: 90059140
Dobåten: Leiv Dagmund Øvrevåge: 90620668


HA EIN GOD TUR!

0 kommentarer



http://flakkavaag.no/kystlag-tysnes/article.php?story=20100227105522558