Her er ei oppsummering av årets Tysnes Rundt.
I alt 35 båtar og 94 roarar, stillte til start på årets Tysnes Rundt. Dett er noko færre båtar enn det som har vert normalt dei siste åra, men kl 1845 gjekk starten frå Årbakka. Været var bra - lett skya og litt vind frå nord, slik at me fekk fin bør mot Sæløysundet. Som ellers var det ikkje alle som klarte å følja oppsrifta, men måtte få ut litt ktrfter og sette opp farten, men etter ei lita samling i Sæløysundet, gjekk turen vidare til Flakkavågen. Her vart det servert suppe med flatbrød, og alt gjekk med. Butikken heldt ope for vår skuld. Så var det natt, både i telt og i Vodlatun.
Lørdagen kom med eit flott vær. Vindstille og solskinn. Etter den tradisjonelle avsyngingen av songen "Nordmannen", rodde me som vanleg utover Skorpesundet mot Hodnanes. Nokre få skjeler hadde som vanleg tatt turen til Skorpebrua for å sjå oss passera. Nokre morgonyre roarar måtte også her syna kor flinke dei var til å ro, og la i veg fortare enn dei skulle, men på stoggen ved Hodnanes, samlast me på nytt.
Oppover Nuen gjekk det medstraums, slik at me kom til Neshavn i 10tida. Som vanleg vart me der mottekne med matservering og kaffe/brus. Me er sjølvsagt takksame for gjestfriheten deira.
Turen til Marøya, gjekk og etter planen - god bør - og etter nok ein pause der med innlagd eting, gjekk turen til Våge. MS"Midthordland" følgde oss det siste stykket frå Andlavågen.
Etter samling i Teiglandssundet, kom me til Våge kl 1615. Ingen salutt i år, grunna sjukdom, men mottakinga var likevel svært god. Kaker m.m. venta på oss. Mange roarar brukte tida til å slappe av, samt å handla mat til kvelden.
Kl 2100, samlast me til sosialt samvær på kaien på Solstråleøya. Her var det grilling, bål, historier og allsang. Koseleg, som vanleg.
Kl 0900 søndag, etter frukost, starta me på turen vidare. Småsunda vart ein liten utfordring for dei store båtane, men alle kom gjennom tross fjære sjø.
Ved Malkenes byrja sønnavinden å leika seg med oss, og gjennom Lukksund, kom straumen imot, slik at det gjekk heller trått å koma gjennom dei 3 sjømila. Me hadde til tider over 2 knops motstraum. Litt slitsamt for nokon?
Kvilen i Stussvik vart heller kort, då det såg ut til at sunnavinden ville auka på, og me valde derfor å ro rett over mot Nymark, slik at me var nokonlunde i le mot Ølfarneset.
Me kom til Årbakka kl 1500 og var der mottekne av ca 50 tilskodarar. 4H serverte fiskesuppe, kaffi og vaflar.
Så var det berre å dele ut diplomar og miniårar til deltakarane. Takk for laget.
På medlemsmøte i Tysnes Kystlag mandag, vart det bestemt at neste års Tysnes Rundt skal arrangerast tredje helga i juli, slik at alle som vil ha med seg både Tysnesfest og Tysnes Rundt skal kunna dette.
http://flakkavaag.no/kystlag-tysnes/article.php?story=20090718095804605